BIKUBEGANG

Bli med inn i Frode Gryttens univers og det mytiske Odda.
Byvandringa startar utanfor Murboligen, bustadblokka der alle hovudpersonane i romanen Bikubesong bur.

Bikubegang er ei vandring i både det litterære og det konkrete Odda, med opplesingar, folkesnakk og historiske kuriosa.

I løpet av turen tar Grytten oss til fleire stopp i Odda. Til frelsesarmeen, og den gamle platesjappa til Bessie. Han tar oss med til flytebrygga på kaia der partisekretæren frå Bikubesong ramlar i Sørfjorden straks han går ut av sjøflyet og endar opp med ein våt og uleselig 1.mai-tale. Når vi kjem til gatekrysset øvst i Gågata, fortel Grytten om slaget i Skrevet i 1931, då kommunistane og sosialdemokratane sine 1. Mai-tog brasa saman i eit gedigent masseslagsmål. Grytten fortel om dei legendariske snopedamene i den gamle snopebutikken i gåtata, og det blir musikalske innslag med Pedro Carmona-Alvarez på torget.

Eg sit på taket og kjenner Murboligen leve under meg. Kvardagens akkordar svever ut vindauga. Kjørel, popsongar, fjernsynsapparat, krangling, stemmer. Det er ein ny dag, ein ny song, ein bikubesong. Alt er så nær at eg kan ta på det. Eg kan plukke ned flya frå himmelen, kaste sola opp i lufta, trille terningar med husa. Min vesle by. Min vesle by.
- Frode Grytten (Bikubesong)
 

Dato og tid

laurdag 14. oktober kl. 13:00

Medverkande

BIKUBEGANG

Katalog 2016

 

Katalog 2016