LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

2. - 6. oktober

FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO

Katalog 2023

Katalog for program 2022

BETRAKTE ANDRES LIDELSE

Kaja Schjerven Mollerin og John Erik Riley møter Elise Winterthun til samtale om fotografi, etikk og effekt og den amerikanske forfattaren Susan Sontag.
Pressemerksemd er viktig for å spre informasjon om konfliktar og løfte fram enkeltskjebnar, tenker vi gjerne på automatikk. I år har bilete frå Ukraina flimra over skjermen. Vi har sett menneske som har mista alt dei har, kanskje også sitt eige liv. I tidlegare år har til dømes flyktningsituasjonen i Middelhavet sjokkert oss, som biletet av vesle Aslan som vart skylt i land drukna på ei strand. Ser vi lenger tilbake, har dei gråtande Vietnam-barna gått inn i vår felles psyke. Sidan fotografiet vart oppfunne har kameraet vore media sitt fremste verktøy. Kor går grensa for framvising av andre menneske sine traume?

Få har skrive skarpare om fotografi, etikk og effekt enn den amerikanske forfattaren Susan Sontag. I essayet «Å betrakte andres lidelse» diskuterer ho kva som eigentleg er krigsfotografiet sin konsekvens: Blir vi inspirerte til å kjempe for fred og rettferd? Eller blir vi apatiske? Kor sterkt kan vi eigentleg identifisere oss med smerten til menneske langt borte, i ein situasjon vi aldri har kjent på kroppen? 

Forfattar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin disputerte for si doktorgradsavhandling om Susan Sontag i 2016, og utga boka I denne verden om Sontag same år. Forfattar og fotograf John Erik Riley har i ei årrekke skrive om fotografi i ulike format, som i boka Det jeg var frå 2020. Han skriv også ei fast fotospalte i Klassekampens Bokmagasin. Kva tenker dei om slike dilemma Sontag løfter fram? Og korleis kan vi knytte desse innsiktene til nyheitsbildet no? Ordstyrar er Elise Winterthun.

Pris

150

Dato og tid

08.10 kl. 13.00

Sted

SENTRALBADET LITTERATURHUS

Medverkande

KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
KAJA SCHJERVEN MOLLERIN
JOHN ERIK RILEY
JOHN ERIK RILEY
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN