AREA 51

Area 51 er Morten Qvenild sitt tiningsverk til Kongsberg Jazzfestival 2017. Morten Qvenild er pianist, komponist og bandleiar. Area 51 var eit bestillingsverk med kongsbergs fremste musikarar og forfattar Frode Grytten.
Area 51 er Morten Qvenild sitt tingingsverk til Kongsberg Jazzfestival 2017. Morten Qvenild er pianist, komponist og bandleiar. Area 51 var eit bestillingsverk med kongsbergs fremste musikarar og forfattar Frode Grytten.

Area 51 er namnet på eit hemmeleg område i Nevada, der det amerikanske forsvaret testar ut fly og våpensystem. Det er også eit kontrollsenter for avanserte droner. Her blei det legendariske U2-flyet prøvd ut, og viktige delar av teknologien bak måneferdene utvikla. Musikken utspelar seg i dette landskapet, ein stad der ørkenkøntri og tekno lever side om side. Bestillingsverket vil spegle delinga mellom det naturlege og det menneskeskapte, det dynamiske og det kontrollerte.

Vi ser i dag korleis menneskestyrt kontroll fører til klimakrise og konfliktar. Vi ser korleis aktiviteten på eit topphemmeleg område i Nevadaørkenen verkar inn på liva til millionar av menneske over heile kloden. Korleis møter vi ei tid som er splitta mellom tradisjon og teknologi? Kva snakkar vi om, når vi snakkar om denne nye verda? Og kva snakkar vi aldri om? Kva finst bak fasaden og dei offisielle frasene, både i bunkarane i Area 51 og husa i småbyen?
 
Til Odda kjem han med ein nedstrippa variant:  
Morten Qvenild (komposisjon, vokal, tangentar), Ivar Grydeland (steelgitar, akustisk gitar og banjo), Frode Grytten (tekst og opplesing), Stig Gunnar Ringen (lyddesign).
 

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 20:00

Medverkande

AREA 51

Katalog 2018

 

Katalog 2018