ØRKENBLIKKET/DESERT GAZE

Symposieutstillinga open


Kven er eg? Kven har eg lyst til å vere?
 
Boka Øynene i ørkenen handlar mellom anna om overvakningskultur og responsmani, og om korleis vi alle er vikla inn i ein tilstand prega av både sjølvframstilling og gransking av andre. Men den handlar også om jakta på fristader og frirom, og om kor naudsynt det er å gjenerobra sitt eige blikk, gjenerobra terrenget som er blitt innhenta av kamera, mobiltelefonar og andre einingar. Undervegs på sine mange reiser, skriv forfattar John Erik Riley om kor naudsynt det er å dyrke det amatørmessige, å nytta estetikken for å rydda plass til seg sjølv. Og dermed rom for handling, ikkje berre på eit individuelt, men på eit kollektivt nivå.
Ofte teiknar ein opp eit skilje mellom stillstand eller tilbaketrekning på den eine sida, og politisk handling på den andre. Men i responskulturen heng det eine tett saman med det andre. Responsmanien gjer det naudsynt med nullstilling i periode. Ved å fristilla seg, ved å reflektera, og ved hjelp av introspeksjon, blir ein i stand til å aksjonera og til å forandra verda, om det så skjer på mikroplan. Ei sentral tese i Øynene i ørkenen har vore at nettet ikring oss og einingane vi ber med oss set eit preg på kulturen som det kan vera vanskeleg å slippe unna. Samstundes som horisonten vert utvida, i den forstand at vi får kontakt med fleire menneske, vert forestillinga om kva og korleis ein uttrykker seg innskrenka.
Sagt på ein annan måte: ytringsmoglegheitene blir fleire, men ytringsmåtane er ikkje nødvendigvis meir varierte. Dermed oppstår behovet for fristader, der ein kan utvida horisonten på andre måtar enn dei reint teknologiske, til dømes gjennom reiser, lesing og kunstopplevingar. Eller gjennom ei forsøksvis amatørmessig gjenerobring av det personlege blikket gjennom fotoarbeid. Kameraet følgjer med på oss. Men vi kan også gjenerobra kameraet, ta det i eige og omformulera det.
Ørkenblikket/ Desert Gaze er eit forsøk på å ta desse tankane på alvor og gi dei ei taktil og visuell form. Ønsket er å sprenga bøkene sine rammer og la dei fylla rommet, slik berre utstillingar kan. Riley brukar aktivt fotografi i fleire av bøkene sine, og desse er difor ein sentral del av utstillingsrommet, som også kan fyllast med objekter og materiale som på ulikt vis er knytta til Øynene i ørkenen og den øvrige produksjonen. Resultatet er ei blanding av kunstantropologi, tekstarbeid, oppdaga objekt, makulerte manus og fotokunst. I tillegg er ark frå korrektur med på å synleggjera det spåklege innhaldet i boka, og gje det ei materiell form. Design av LACKTR (Johan Harstad), som har stått for utforminga av Øynene i ørkenen, er ein integrert del av desse tilleggselementa.
Det sentrale uttrykket er fotografi i ulike former, som saman viser media sine frigjerande og innskrenkande aspekt, og speglar overvakningskulturen, men óg lengta etter noko som finst utanfor og bortanfor den. Bøkene til Riley dreier seg blant anna om forholdet mellom blikket til dei mange og blikket til individet. På den eine sida har eit samfunn mange auge, som finst i form av kamera og skjermar, på den andre sida har ein enkeltmennesket sine behov for å sjå verda med nye eller eigne auge. Naudsynet ved isolasjonen og introspeksjonen, er eit berande tema, også i fotografia, som knyt seg til Riley sine erfaringar i den amerikanske ørkenen. Kanskje går ein til utstillinga noko forstyrra av elementa, men vil då vonleg venda tilbake frå den med eit meir tilbaketrekt blikk, altså: Ørkenblikket. 
I ein kultur som inneheld utallige kamera, der stadig fleire auge følgjer med på oss, treng vi - i endå større grad enn før - høve til å trekkja oss tilbake og reinsa blikket.
For å sitera frå eitt av verka i utstillinga: «lengsel er et hull i virkeligheten et sted å gjemme seg en mulig vei ut».
 

Dato og tid

fredag 12. oktober kl. 12.00-17.00

Katalog 2018

 

Katalog 2018