LITTERATURSYMPOSIET I ODDA 2024

3. - 6. oktober

ASBJØRN SLETTEMARK
ASBJØRN SLETTEMARK
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
CHARLOTTE MYRBRÅTEN
ELISE WINTERTHUN
ELISE WINTERTHUN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HAGEN
FREDRIK HØYER
FREDRIK HØYER
FRODE GRYTTEN
FRODE GRYTTEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
FRODE HELMICH PEDERSEN
GUNNHILD ØYEHAUG
GUNNHILD ØYEHAUG
LADY ALBATROSS
LADY ALBATROSS
LARS KORFF LOFTHUS
LARS KORFF LOFTHUS
LEANDER DJØNNE
LEANDER DJØNNE
MARIT EIKEMO
MARIT EIKEMO
MERETE JONVIK
MERETE JONVIK
TORA SANDEN DØSKELAND
TORA SANDEN DØSKELAND
WENCKE MÜHLEISEN
WENCKE MÜHLEISEN

Katalog 2023

Katalog for program 2022

Marit Eikemo blir festivalleiar for Litteratursymposiet

Marit Eikemo er tilsett som leiar av festivalen Litteratursymposiet i Odda. Tilsettinga er ein del av ei større satsing på å skape ein festival med nasjonalt gjennomslag, eit initiativ Odda kommune står bak med støtte frå Sparebanken Vest.
 

- Dette er ein sjeldan sjanse og eit arbeid eg  gler meg til å ta fatt på. Eg har følgt Litteratursymposiet sidan oppstart, både som deltakar og som ekstern rådgjevar. Symposiet har ein heilt spesiell identitet, som spring ut av forfattarskapen til lokale forfattarar som  Frode Grytten,  og legendariske arenaer som  til dømes Lindehuset i det nedlagde smelteverket.  Den lokale forankringa  er heilt genuin og publikumstalet veks for kvart år. Kombinert med eit sterkt faglig program ligg alt til rette for at vi også kan oppnå  nasjonalt gjennomslag og vere ein viktig bidragsytar i det litterære landskapet i Norge, seier Eikemo.
 

 

Økonomisk støtte frå Sparebanken Vest  har gjort det mulig å opprette stillinga som skal bidra til å profesjonalisere drifta av litteratursymposiet.
 

--  Litteratursymposiet i Odda har på imponerande kort tid etablert seg som ein viktig, litterær møteplass i vår region.  Vi ser vårt samarbeid med Litteratursymposiet i Odda i samanheng med vår satsing på Litteraturhuset i Bergen, samarbeidet med HaugeTveitt 08 og etableringa av Hauge Senteret i Ulvik. Visjon Vest har som mål å investere allmennyttige midlar i prosjekt som fører til kompetanseheving og  kompetansedeling på Vestlandet. Det gjer nettopp litteraturfeltet til ein sentral arena for oss, seier Siren Sundland. Ho er leiar for Visjon Vest, den allmennyttige verksemda i Sparebanken Vest.

Marit Eikemo vil arbeide saman  med programansvarlig Else Marie Sandal, Odda Kommune,  samt bluesklubben Lokst utøve som  har ansvaret for den tekniske gjennomføringa av symposiet. 

Litteratursymposiet  blei arrangert for første gong i 2005, som ei direkte vidareføring av mindre årlige litteraturarrangement i Odda sidan 2002.
 

Marit Eikemo er fødd og oppvaksen i Odda. Ho går frå stillinga som informasjonssjef i Festspillene i Bergen for å begynne som festivalleiar for Litteratursymposiet i heimbyen. Eikemo har lang presseerfaring, og er tidligare redaktør for tidsskriftet Syn og Segn.  Eikemo er også forfattar. Ho har gitt ut essaysamlinga Samtidsruinar (2008), romanen Mellom oss sagt (2006) og reportasjeboka Her.No (1999).

 

< Tilbake